tirsdag 20. januar 2009

Takk for nå

Eg veit ikkje om det går ann å avslutte ein blogg, men prøver likevel.
Med dette avslutter eg bloggen min, vegen til toppen.
Takk for følget:-)

tirsdag 11. november 2008

Lenge siden, igjen.

Var eg forberedt på kva som venta meg dei første vekene i praksi? Veit ikkje det. Vi må rett og slett gjennom ein del teori og lesing og pugging. Vi hadde jo høyrt om det på førehand, at det blei ein del teori i begynnelsen. Og vi forstår jo at ein må ha eit minimum av lokalkunnskap før ein set seg i posisjon. Likevel vil eg vel seie at det kan være vanskeleg å motivere seg til sjølvstudium. Vi må altså igjennom modul I før vi kan gå vidare. Vi har hatt prøve i lokale meteorologiske fenomen (turbulens) og lokalkunnskap (14 fjelltoppar med grader, avstand og høgde i fot) og vi har hatt prøve i innflygings og utflygingskart (det er 12 av dei i Florø.) Det som står igjen er koordineringsavtalane med Stavanger ACC og Stavanger Offshore (f.k. fredag) og teikning av FIR-kartet (neste fredag etter der igjen).


Innflygingskarta var ein bøyg. Det er mykje å huske, og vi var spente på den prøven. Vi har ikkje fått karakter enda, men har fått beskjed om at vi har stått:-). Den neste bøygen vil altså bli FIR-kartet. Det er utruleg mange luftrom mellom Kristiansund og Bergen som vi skal kunne. Det skal nok gå greit å huske høgdene i dei ulike romma, men å huske alle grensene og kor dei går nøyaktig, og så teikne dei opp på eit "blankt" ark blir vanskeleg. I tillegg skal alle VOR-ar, alle NDB-ar og alle Locators teiknast inn med frekvensar! Juhu.


Har vore i kontakt med enkelte kolleger i dag. Og alle seier at det er FIR kartet som er vanskelegast. Dei slit og med det samme som meg, at det er vanskeleg å motivere seg for topp innsats kvar dag med så mykje sjølvstudim og pugging.


Men heldigvis har vi hyggelege kolleger i tårnet, så vi går opp av og til for å prøve å huske kvifor vi held på med dette. Og da er humøret ganske bra igjen.

Ellers så har vi levd på ei livsløgn mange av oss. Vi har liksom holdt oss hardt i dei som fortel oss at praksisen er ca 3 månader, men at nokon kanskje bruker 4-5-6. Men etterkvart har håpet svunnet og vi prøver å slå oss til ro med at vi nok ikkje vert ferdige før i mars-april ein gong. Og då har utdanninga teke 1 år. Ja ja.

tirsdag 21. oktober 2008

Lenge siden

Sitter ved kjøkkenbordet i mitt eget hus. Barna er lagt, huset er ganske ryddig (i alle fall det eg ser fra kjøkkenet) og kona er ute av huset. Bare radioen småpludrer i bakgrunnen, og det har gått opp for meg at eg faktisk er tilbake i Florø og at eg ikkje skal tilbake til Sønderborg for å studere mere.

Det er LENGE siden eg har skrive på bloggen nå. Og egentlig tar eg det som ein godt teikn. Eg har hatt det bra og har vore i rimeleg god harmoni med meg sjølv og omverda. Sidan vi forlot Sønderborg har eg hatt ei helg heime i Florø, to veker i Bergen, ei veke heime i Florø og to dagar på min nye "jobb" Florø Lufthamn. Eg føler for å fortelle litt om kva som har skjedd.

I Bergen vart vi innlosjert på Rica hotell Bergen (eller omvendt;-))med fri flybuss i 14 dagar og med beskjed om å sørge for middag og kveldsmat sjølv. Vi vart delt i to grupper der mi gruppe besto av 5 av oss samt Bård som kom fra Molde Lufthamn og glei bra godt inn i gruppa vår (kan jo ikkje være lett å komme inn i ei så sær og samansveisa gjeng). Vår gruppe hadde første veka på kurs med Kjell som fortalte alt vi trong å vite om NAIS. Det fine var jo her at han la ut om dei relativt gamaldagse og tungvinte løysingan i dataprogrammet som om det var det mest geniale ein dataprogrammerer nokon gong hadde funne opp. Det var fasinerande og vi fekk lært mykje om dette programmet som vi er nøyde til å bli gode venner med etterkvart.

Den andre veka hadde vi norsk meteorologi med Marit "the guru" Rabbe. Ho var ein verkeleg inpirerande meteorolog å tilbringe tid med. Eg begynner faktsik å tru at alle som er lidenskapeleg interessert i vær er slik, då også dei som underviste på SAC var verkeleg flotte menneske. Prikken over i-en var ein eksamen i met på fredagen. Marit var forresten svært nøgd med kunnskapen vi hadde med oss i fra SAC. Det er hyggeleg å få høyre.

Forrige veke var "flyttingsveke" og ikkje ferie. Den brukte eg til å flytte på mange ting i huset. Eller det meste som vart flytta var vel i fra huset og ut i garasjen eller bosset. Ellers flytta eg litt gras i fra plenen (sidan det var blitt så langt). Eg flytta og ein del støv fra gulv til støvsugar, og ein del skit fra gulv og opp i vaskebøtta. Det blei og flytta ein del god mat fra tallerken og ned i magen denne veka. Eg flytta meg også mange gonger på sykkel fra heimen og til Johanne sin barnehage, sidan ho insisterte på at eg kvar dag skulle sykle med henne t/r barnehagen. Og så fekk eg jo vere med å ønske John Andreas velkommen til Florø (han hadde flytta seg sjølv).

Så, i går, var det første dag med On Job Training ved tårnet i Florø. Den dagen begynte med at vi møtte opp kl. 1000 i tårnet. Der møtte vi Cammilla Opplæringsansvarleg. Ho tok oss med opp i møterommet i 4. etasje i tårnet. Der fekk vi ein god del info om kva som skal skje framover og vi fekk høve til å stille masse spørsmål. Det var nokre koselege og informative timar. Etter dette tok ho oss med opp i tårnet der vi fekk møte Arild som var på vakt. Det tok jo bare 3-4 minuttar før vi var midt i ein relativt heftig fagforeningsdebatt!! Ellers så gav jo været oss litt av ein start på opphaldet. På morgonen hadde eit fly diverta til Bergen og vi fekk sjølv sjå at eit helikopter sto LENGE på runway og venta på god vind. Arild leste vind 170/27 første gong vi høyrde på radioen. Så vart det 170/26 og han hadde ikkje før sagt 170/25 før kapteinen leste tilbake "Off we go" og helikopteret letta.

Ellers tok ein Widerøe maskin kontakt på frekvensen. Dei var 50 sjømil utanfor Florø. Plutseleg spurte kapteinen på flyet om det ikkje var ein Mr. Hordvik i tårnet. Eg vart jo heilt pass, då eg trudd flyet ville bruke Florø i staden for Førde, men så viste det seg at det var min gode venn Martin som ville prate med meg;-) Så då fekk eg jo ein veldig fin og roleg debut på radioen. Kan komme godt med.

Vi vekk og den LENGE etterlengta tilgangen til AVINOR sitt intranett "innsiden." Du verden, det var like før eg gjekk ned på kne og kyssa gulvet. Tenk at eg skulle få oppleve å få ein slik tilgang;-)

I dag brukte vi første halvdelen av dagen med lufthamnsjefen. Ho fortalte oss om AVINOR og om Florø lufthamn. Det var interessant og vi fekk vite mykje. Siste del av dagen brukte vi i lag med Lufthamnvakta. Dei skulle ta oss med på ein bli-kjent runde på flyplassen. Det var ei alvorleg lang sjekkliste dei skulle ta oss gjennom. Det var interessant, og vi fekk og der stille spørsmål. Er det bare hyggelege folk i luftfarten? Eg er fortsatt overbevist om det.

Vi fekk og begynt litt på eit av dei 3 e-learingskursa som vi må igjennom for å få ID-kort. Resten av kursa satser eg på å ta i morgon.

torsdag 25. september 2008

Kjem eg til å savne dette?

Så er AFIS utdanninga fullført, og det gjenstår bare 3 månader On Job Training i Florø (og kurset i Bergen). I dag hadde vi dei to siste eksamenane og vi hadde Dimmisjonsfest med utdeling av vitnemål. Det var ein avmålt gjeng som fekk vitnemålet i dag. Det var nok ein del følelsar i sving, for oss alle, men det var ikkje så lett å få dei fram. Så utdelinga vart ein roleg og avbalansert sesanse. For min egen del er det som om det ikkje har gått opp for meg enda at alt dette er over.

Det var utruleg fint å få vitnemålet, skulebevist og radiosertifikatet. Eg er stolt over det eg har fått til her nede!

Bjørn Magnar spurte i går om vi ikkje kom til å savne dette. Eg må innrømmet at eg svarte nei. Eg har nok sagt for meg sjølv at eg ikkje kjem til å savne noko eller nokon, men at eg kjem til å tenke veldig på korleis det går med dei andre, korleis dei har det osv. Men ikkje savne. Til det har denne perioden vore for mykje "ikkje mitt liv".

Eg har omtrent sidan eg begynte her i Danmark prøvd å finne ut kva følelsar eg har hatt for dette opphaldet. Det har ikkje vore lett å forklare når folk har spurt, men eg føler nå at medan eg har vore her nede, så har det virkelige livet mitt vore sett på "vent". Eg valgte sjølv å sette det på vent. Eg valgte sjølv å hoppa ut av mitt virkelige liv den 19. april 2008, var innom det i sommerferien, og skal snart tilbake til det. Det vart min måte å innvestere passeleg emosjonelt i denne perioden. Det måtte bli slik for ikkje å gå på akkord med meg sjølv og dei heime. Dette er det nærmaste eg kjem ei god beskriving.

Og så kan eg seie med handa på hjarte, at det livet som eg då hadde fom den 19. april og til i morgon, det var bra det og. Det var kjekke medstudentar som var morsomme, så snille, så flinke. Medstudentar som såg om ein hadde ein dårleg dag, som tok kontakt og lufta meg om eg trengte det. Det var medstudentar som gjorde meg blid bare ved å være i samme rom som meg. Det var medstudentar som av og til kunne få meg veldig frustret, men aldri lenge om gangen. For like plutseleg fekk dei meg til å stråle innvendig. Vi har gjort mykje i lag, og eg har fått lov å ikkje vere med på ting, når det har passa meg best slik.

Det er heilt utruleg at i eit miljø der vi og konkurrerer innbyrdes, så har det ikkje vore noko stor klikkdanning, utfrysing eller mobbing. Det har sjølvsagt blitt spøka med mykje og med mange, men det sammhaldet som har vore i gruppa vil eg seie er unikt. Vi har støtta kvarandre og hjulpe kvarandre så godt som bare det. Ingen i gruppa har nokon gong "trakka meg ned."

Faga har vore veldig interressante. Eg har hatt interressante ting å lære kvar dag, meiner eg å huske. Sjølv om nokre dagar gjekk saktare enn andre, har det vore ei fin oppleving å studere fag som virkeleg har interessert meg.

Og så har vi hatt utruleg flinke og kjekke folk på skulen. Skuleleiinga har gjort kva dei kunne for oss og meire til, og dei fleste instruktørane har vore veldig, veldig dyktige. Og alle av dei har virkelig gjort kva dei kunne for at vi skulle lære.

Så eg er og takknemleg for denne perioden, for det har vore mykje bra, og eg har lært mykje om meg sjølv.

Men altså: livet mitt har vore ein annan plass. Vennene mine har vore ein annan plass. Familien min har vore ein annan plass. Eg gler meg til å ta del i Jorunn og ungane sitt liv igjen. Og eg får klare signaler om at dei gler seg dei og. I går kl. 1913) fekk eg denne meldinga av Jorunn: "Du har mykje å sjå fram til når foreldrelivet startar igjen. Sidan middag har eg handla knebeskyttar og fotballsko, vore på bokhandel med Mari, foreldremøte i handballen, (sett) litt fotballkamp og litt handballtrening. No skal eg berre legge Johanne, rydde middagen, vaske draktar til kamp i morgon, hente Mari og gå på trening sjølv før det blir kveld"

Ingen bør være aleinemor til 3 barn for lenge

Eg føler meg veldig heldig! For eg skal heim når vi er ferdig i Bergen. Dei andre skal ha sin praksis på stader som gjer at dei ikkje kan bu heime. Men eg er overbevist om at alle kjem til å takle det å ein god måte.

I kveld går vi ut og spiser middag. I morgon drar vi til Norge. Eg er heldig og skal heim i helga.

tirsdag 23. september 2008

Nest siste SIM og eksamen

I dag har det vore ein innhaldsrik dag, på ein måte. Det begynte med at vi hadde eksamen i SYNOP, METAR OG MET-report kl. 0800-0930. Ikke særlig lang altså, men intens nok. Det var 6 kodeskjema å fylle ut. På synop var det snakk om observasjonar kl. 0000, 0300, 0600, 0900 og 1200. Vær, vind, skyhøgde, type skyer, vindstyrke, trykk m.m. skulle kodes om og plasseres på rett plass.

Kl. 1200 begynte vi med nest siste økt i simulatoren. For dei fleste var det jo siste økt, men eg og nokre til har siste økt i morgon. Eg hadde i dag simulatortid kl. 1700-1800. Det er nemleg slik at vi har "vore på jobb" sidan kl. 0700 egentlig. Og fulgt ein heil dag med fly. Tilsammen har eg altså hatt 75 fly å ta meg av sidan første simulatorøkt. I morgon vert det vel 10-15 til, sidan vi har gått kraftig opp i antall fly pr time. Eg har serva alt fra små Cessna 152 skulefly til flere F16 som har fløyet over flyplassen i formasjon. 80-90 fly på ein dag er jo langt over det eg vil oppleve som vanleg AFIS. At det i tillegg har vore fleire MAYDAY, fly som har gått ned i kornåkrar rundt om kring, lavt oljetrykk, fleire fly som har snudd pga dårleg vær, fly som har kansellert IFR-flygeplan og fly som har gått over frå VFR til IFR har gjort at det har vore ein innhaldsrik "dag" får eg seie.

I morgon er det simulator fra kl. 0800-1200 og så er det tilbake på rommet for å lese til dei to siste eksmenane som vi skal ha på torsdag.

På torsdag skal det og være dimmefest på skulen. Vi og instruktørane er inviterte dit på lunch. Skal vel få eit vitnemål el. den dagen. På tordagskvelden lurer nokon av oss på om vi skal ut og spise for feire. Det kan bli vanskeleg å få alle med da 2 går på slankekur og fleire har vore så mangen ganger på den plassen vi ønsker å dra, at dei kanskje ikkje gidd meir. Så det vert kanskje ein liten gjeng som drar.

På fredag skal vi være på flyplassen kl. 1045 for å møte ordføraren i byen. Der skal og lokalavisa komme for å ta bilde av oss (med ordføraren og dei fine SAC jakkene våre). Flyplassen sjefen har lova oss sjampanje.

Kl. 1220 går flyet til København og vidare til heimlandet.

Ellers er nå den store snakkissen kven som har begynt å pakke og kva ein har pakka. Mange er livredde for ikkje å få med seg alt, og fleire har gått til innkjøp av ny koffert eller bag. Eg er heldig som har vore heime med dei fleste bøkene tidlegare. Dei som har invistert i bordvifte, overmadrass kjølebagar og gitar m.m. vil nok kanskje ha større utfordring enn meg ang. pakking.

Eg og fått kjøp gåve til kone og unger, så nå kan eg egentlig dra heim når det måtte være;-)

På søndag vert det fårikål i Breivikvegen 6. Det skal bli fint.

onsdag 17. september 2008

Snart på tide med evaluering

Det nærmar seg slutten vettdu. Og det er på tide med evaluering. Eg vart utfodra av gruppa til å skrive evaluering av opphaldet her. Egentlig ikkje berre av opphaldet men av alt som har skjedd sidan vi vart tekne opp på utdanninga. Eg skreiv evalueringa i forrige veke, og har fått Hans Martin til å være konsulent. Så i dag vart ho sendt ut til alle kollegene her for at dei skulle få sjå på og komme med forslag til endringar el.

Eg skreiv faktisk 7 sider! Men det var kanskje litt store bokstavar og mange kapitler/overskrifter, så kanskje det ikkje vart for gale likevel?

Vi skal samlast på torsdag kveld for å gå gjennom evalueringa i lag før vi sender henne. Skal bli kjekt med eit lite møte igjen. Nesten som å være kateket.....

Ellers så er vi godt inn i ein ny fase ang. simulatoren. Vi er ferdige med dei spesielle tinga som mayday, radiofailer og andre sjeldne ting. Nå går vi over i ein fase der vi berre får meir og meir trafikk og dermed meir og meir å tenke på. I dag fekk eg karakteren "mektig" munnleg av Jens Kristian (innleigd instrktør). Han er veldig flink å vise følelsar;-) Så når han klapper i hendene, jubler med hendene/løfter dei over hovudet eller roper ut "mektig" har ein grunn til å være nøgd. Når andre instruktører roper, trenger det ikkje nødvendigvis være positivt.

Ellers er eg i ferd med å bruke opp markeringstusj nr.8. Det har blitt mykje markering i studiet (er faktisk veldig nøgd med studietekikken min nå, tok meg bare å bli 37 år før den satt). Men nå er det ekstra ille. Bøkene vi bruker nå er permar med oppkopierte ark. Det er som å beise eit nytt hus kvar gong eg set ein strek. Suger tusj som berre det. Eg har kun gul, rosa og lilla tusj igjen. Satsar på at det skal halde. Har kun 2 dagar igjen med undervisning før eksamen.

Fra og med neste veke får nordmennene her nede spesielle spisetider til middag. Vi skal spise på eit eige rom kl. 1730 i staden for 1715. Saman med 15 tyskere.

søndag 14. september 2008

Undervisning på ein søndag

I dag har vi hatt undervisning. Og ikkje den mest nyttige undervisinga eg har vore borte i heller. Vi har lært om Met-report i dag. Og eg kan ikkje i min villaste fantasi forstå når eg skal bruke det i min komande jobb. I alle fall ikkje før vi får ATIS på kortbanenettet. Vi har fått beskjed om at det skal komme, men det er ikkje komt enda. Og når det kjem så må vi jo lære det på nytt.

Eg må berre seie det. Vi har lært mykje unyttig dei siste vekene. Viss ein legg godviljen til, kan ein seie at SYNOP og Met-report gjer oss til betre værobservatørar. Det seier i alle fall skulen og AVINOR. Men eg kjøper ikkje den. Det einaste eg kan sjå at vi har fått ut av det, i observatørøyemed, er at vi har vore 3 fleire gonger ute og sett på været enn kva vi ville ha gjort om vi ikkje hadde det. 3 ekstra gonger ute for å sjå på været, gjer oss ikkje til veldig mykje betre værobservatørar.

Det verste er at vi må lære oss grenseverdiar og måtar å skrive på som ikkje vert brukt i Norge i det heile. Og så må vi lære oss kodar som AFIS ikkje bruker i Norge. Vi har jo opplevd i mange av faga at vi lærar Danske reglar eller ICAO reglar som ikkje brukast i Norge. Det har vore heilt greit, fordi det berre er ein liten del av faget. Men når det gjeld SYNOP er HEILE faget irrelevant, og store deler av Met-observatørfaget er irrelevent. FRUSTRERANDE på slutten av eit langt opphald i Danmark. Det hjelper ikkje akkurat på at vi nå er virkelig lei av å være her.

Vi går nok inn i ein periode nå der enkelte av oss tåler mindre av enkelte andre, rett og slett fordi vi er slitne og leie. Jada....

Men enkelte av oss hadde ein koseleg fredagskveld forran norsk TV 2, og også ein koseleg kveld på laurdag.

Eg er og komt i gong med treninga igjen etter å ha vore sjuk og "sjuk" i 12 dagar.